Systemfeilen

Mykje er bra i den norske skulen. Sjølv om eg er lærar sjølv, eller kanskje nettopp fordi eg kjenner skulen, tør eg påstå at skulane i Noreg er stappfulle av dyktige og engasjerte lærarar. Vi kombinerer solid fagkunnskap, pedagogisk oppfinnsamheit og ei genuin interesse for korleis den enkelte eleven har det. Samtidig lir opplæringa under ei rekkje systemfeil som undergrev det samfunnsoppdraget vi har fått. For mykje av arbeidet vårt handlar om å motverka dei undergravande insentiva som kjem ovanfrå. Ein av desse systemfeila heiter karakterbasert opptak, misvisande marknadsført som "fritt skuleval".

Dei fleste fylka har etter kvart innført denne måten å ordna inntaket til vidaregåande skule. Elevane med dei høgaste karakterane får velja skule først, og dei med lågare karakterar blir etterpå plassert der det er ledig plass. Problema med det karakterbaserte opptaket i vidaregåande skule er mange. Her skal eg nemna to av dei.

For det første forsterkar det den sosioøkonomiske og etniske segregeringa. Dette problemet er særleg akutt i Oslo, som er ein svært delt by i utgangspunktet. På individnivå kan det for nokon opplevast som fint å få løn for strevet ved å koma på ein skule med like motiverte og flinke elevar. På samfunnsnivå veit vi at karakternivået i sterk grad følgjer av foreldra si utdanning og sosioøkonomiske bakgrunn. Segregering er openbart negativt for integrering på tvers av klasseskilje og etniske eller religiøse
skilje. Det bekymrar neppe høgresida sine kjerneveljarar lengst vest i byen, som helst vil sleppa å ha ein sosialhjelpsmottakar, neger eller muslim i omgangskrinsen. Det som burde bekymra også høgreveljarane, er at systematisk nivådeling er til skade for den faglege utviklinga til elevane. Forskinga viser at det er positivt for læringa at ein går i klassar med elevar med ulikt fagleg nivå. Både dei flinke dei mindre skuleflinke tener på det.

For det andre fremmer karakterbasert opptak ein tankemåte som effektivt undergrev læringa: Shoppingmentaliteten. Systemet legg ikkje til rette for å løysa dei reelle problema som kan vera der, anten det gjeld fagleg kvalitet, skulemiljø eller kontakt mellom skule og heim. Systemet gir eit tilsynelatande enkelt svar: Bytt skule. Er du misfornøgd med karakterane? Prøv ein annan skule, kanskje er lærarane mindre strenge der. Eigen innsats har sikkert ingenting med saka å gjera. Trivst du ikkje i klassen? Bytt skule, så går det sikkert betre. Insentiva frå systemet fortel deg at du skal velja vekk eit fellesskap i staden for å investera i det.

Dei gir deg beskjed om å flykta frå problema i staden for å løysa dei. Arbeid for å skapa eit godt klassemiljø og motverka mobbing blir vanskelegare så lenge det opplagte alternativet er å melda seg ut. Samarbeidet mellom heim og skule blir vanskelegare, fordi foreldra kanskje ikkje reknar med at eleven blir på skulen. Vi lærarar veit at elevane si faglege og sosiale utvikling krev langsiktige investeringar i klassemiljøet, og i gode relasjonar til både elevar og foreldre. Systemet fremmer det motsette.
Alternativet til karakterbasert opptak er eit sterkare nærskuleprinsipp og at lokalsamfunna engasjerer seg i skulen sin. For å sikra kvaliteten i utdanninga, og i velferdsstaten generelt, er vi avhengig av at vi alle legg ressursane våre inn i fellesskapet. Det kan verka så enkelt og greitt å velja det vekk, og håpa at det går betre ein annan stad. I det store og det heile taper vi alle på ein slik tankegang.

- Ingrid Fiskaa,